SØKETIPS

OM ALLKUNNE

KONTAKT OSS

 
 
Jostein Avdem Fretland
 

Karl Seglem

Karl Seglem, tenorsaksofonist frå Årdal med særeige uttrykk mellom jazz, folkemusikk og world music.

  • Fødd 1961 på Årdalstangen
  • Tenorsaksofonist med særeige uttrykk mellom jazz, folkemusikk og world music
  • Deburterte med soloplata Poems For Trio i 1988
  • Debuterte som forfattar i 2006 med diktsamlinga Stilla er ein åker
Karl Seglem er fødd på Årdalstangen 8. juli 1961 og fekk den første saksofonen sin då han var rundt 12 år gamal. Heime i Årdal spela han i både korps og band. Hausten 1978 drog han til Voss Folkehøgskule, der han trefte folk han skulle kome til å samarbeide mykje med seinare, mellom anna songaren og komponisten Kenneth Sivertsen.
 
Seglem starta fleire band på Voss og vart med i Voss Storband. Våren 1980 reiste han på turné saman med Sivertsen, før han flytta heim til Årdal. I 1982 drog han til Bergen og kom inn i storbandmiljøet rundt Knut Kristiansen. I 1988 starta han Sogn-A-Song-prosjektet og fekk tingingsverk av Årdal kommune i 1990, der han trefte sambygdingen og spelemannen Håkon Høgemo, som har vore med på mange seinare utgivingar.
 
Isglem og UTLA
Karl Seglem og perkusjonisten Terje Isungset starta duoen Isglem i 1987. Dei spela friimprovisert jazz med inspirasjon frå folkemusikk og world music og har, saman med Frode Gjerstad, fått pionerstempel i det norske frijazzmiljøet. Dei har gitt ut fire plater på NORCD: Rom (1991), To steg (1992), Null G (1996) og Fire (2003).
 
I trioen UTLA, med Isungset og Høgemo, arbeider Seglem med meir slåttemateriale og tradisjonelt klingande stoff. Likevel bryt saksofontonen hans alltid igjennom og gir musikken det spesielle uttrykket han er kjend for. Etter albumet UTLA (1992) har trioen gitt ut fire plater: Juv (1993), Brodd (1995), Dans (1999) og Song (2003).
 
Soloplater
Den første soloplata hans var Poems For Trio (Hot Club Records 1988), følgd av Sogn-a-Song (1991) og Rit (1994), begge utgitt på nystarta NORCD, der han har gitt ut alle sine seinare plater. I 1998 gav han ut to plater: Struggle for life og Spir, den førstnemnde bygd på musikken til ein dokumentarfilm om villaksen til Norsk Villakssenter i Lærdal. På Nye Nord frå 2002 er både Odd Nordstoga og Unni Løvlid med som vokalistar og syng tekstar av Seglem sjølv og Jon Fosse. Seinare har han gitt ut Femstein (2004), Reik (2005), Urbs (2008), Norskjazz.no (2009) og Skoddeheimen (2009). Norskjazz.no spela han inn saman med Eple trio, ein ung jazztrio med eit neddempa, folkemusikkinspirert uttrykk. Plata er mindre folkemusikkprega enn det meste av Seglem sine tidlegare innspelingar, men den særeigne fraseringa og tonen hans er den same. Den førebels siste soloplata hans, Skoddeheimen, var inspirert av historia om Ola og Inger Anne Hunderi før og etter ho fekk diagnosen Alzheimers sjukdom.
 
Andre prosjekt
Seglem har gitt ut to plater saman med poeten og dramatikaren Jon Fosse. På den første, Prosa (1996), les Fosse eigne dikt, medan Seglem, trompetisten Arve Henriksen, Terje Isungset, Reidar Skår og Håkon Høgemo spelar attåt. På Dikt (2006) spelar Seglem åleine på saksofon og elektronikk, medan Fosse les.
 
Seglem har gitt ut éi plate med årdølen Reidar Skår, Tya, frå 1997. For denne plata fekk dei Edvard-prisen for 1998 i klassen «Populærmusikk – større verk».
 
I dei siste åra har Seglem hatt fleire ulike prosjekt som forfattar. Han debuterte som poet på Samlaget i 2006 med diktsamlinga Stilla er ein åker.
 
NORCD
I 1991 starta Seglem plateselskapet NORCD. Til å begynne med var det mest Seglem sine eigne prosjekt som vart gitt ut der, men etter kvart har selskapet gitt ut om lag 60 plater med eit vidt spekter av artistar. Fleire band med utgangspunkt i jazzlinja ved NTNU i Trondheim har gitt ut plater der, til dømes Veslefrekk og Close Erase. Kenneth Sivertsen, ein ungdomsven av Seglem, gav òg ut fleire plater på NORCD, og andre artistar og grupper er Berit Opheim, Arve Henriksen, Eplemøya Songlag og Gamalt Nymalt.
 
Spelestil
Saksofontonen til Seglem er varm og poetisk, prega av lange tonar og mjuke fraseringar. Frasane hans er henta frå norsk slåttemusikk snarare enn frå den amerikanske jazzhistoria, noko som gir eit umiskjenneleg særpreg til alle dei 26 platene han har gitt ut. Likevel skil han seg klart frå til dømes Jan Garbarek, mellom anna ved at Seglem sin musikk ofte legg vekt på dei pulserande slåtterytmane, ikkje berre dei gamle melodiane.
 
Seglem er òg av dei beste bukkehornspelarane i landet og bruker bukkehorn på fleire av platene sine og live. Han har fleire ulike horn, med spesiallaga munnstykke og fingerhol for å få variasjonsfridom frå dei opphavlege naturtonerekkjene.
 
Kjelder
E-post frå Karl Seglem 28.7.2010
 
Karl Seglem, omtale hos Norsk Musikkinformasjon, mic.no, http://www.mic.no/symfoni/kontakt.nsf/pub/per2000062811011498203707 [lesedato 4.4.2012]
Karl Seglem, biografi på mic.no, publisert 4.8.2003, http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2002071211391739005722 [lesedato 4.4.2012]
Karl Seglem, biografi, Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Karl_Seglem [lesedato 4.4.2012]
Arne Hugo Stølan: «Naturens storhet», bokmelding av Stilla er ein åker, publisert i VG papirutgåve 27.8.2006, tilgjengeleg på nettstaden til Karl Seglem, http://www.karlseglem.no/img/poetry/VG-kritikk.jpg [lesedato 4.4.2012]
 
Peikarar



Først publisert: 04.04.2012
Sist oppdatert: 01.08.2012
 
Foto: Geir BirkelandFoto: Geir Birkeland

ANDRE ARTIKLAR

Arve Henriksen

Jon Fosse



Allkunne App - Google PlayAllkunne App - Appstore