SØKETIPS

OM ALLKUNNE

KONTAKT OSS

 
 
Geir Follevåg
 

Gåte

Gåte var ei norsk musikkgruppe som på relativt kort tid (1999–2005) gjorde folkemusikk populært blant eit ungt og stort publikum ved å kombinere folkemusikk og elektronisk rock.

  • Norsk musikkgruppe, aktiv 1999-2005
  • Danna av syskena Sveinung Eide Sundli og Gunnhild Eide Sundli
  • Kombinerte folkemusikk og elektronisk rock
  • Fekk Spelemannprisen for Årets nykomar i 2002 og Prøysen-prisen i 2003
I 2000 gav Gåte ut demoen Gåte EP, som fanga merksemda til mellom andre Alex Møklebust, vokalist i Seigmen og Zeromancer. Han var produsent for ei kortplate (EP) i 2002, som òg hadde tittelen Gåte EP. Seinare i 2002 gav dei ut den første CD-en sin, Jygri, som blei seld i over 40 000 eksemplar. I 2003 gav dei ut EP-en Statt opp (Maggeduliadei). I 2004 kom den andre CD-en, Iselilja. I 2006 gav dei ut ei samling av konsertopptak på ein CD med tittelen Liva. Ein av konsertane på avslutningsturnéen blei gitt ut på DVD same året.
 
Gåte heldt den siste offisielle konserten 31. desember 2005 og la ned gruppa på ubestemt tid. På kulturfestivalen UKA i Trondheim 24. oktober 2009 heldt dei likevel ein spesialkonsert.
 
Gåte fekk Spelemannprisen for Årets nykomar i 2002 og Prøysen-prisen i 2003. Dei oppnådde ein viss internasjonal status med konsertar mellom anna i Danmark, Sverige, Finland, Tyskland og Nederland.
 
Syskenprosjekt
Gåte blei danna av syskena Sveinung Eide Sundli (f. 1979) og Gunnhild Eide Sundli (f. 1985) frå Trondheim. Sveinung spela fele frå han var seks år gamal. I tenåra lærte han seg å spele elektroniske tangentinstrument (keyboard, synthesizer). Gunnhild byrja å kvede då ho var ni år gamal. Ho har formell utdanning i kveding frå Heimdal videregående skole.
 
Dei opptredde offentleg under namnet Gåte første gongen i 1999 på Veita scene i Trondheim, då dei varma opp for den svenske gruppa Garmarna, som nettopp kombinerte folkemusikk og rock.
 
For å skape syntesen mellom folkemusikk og elektronisk rock hadde Sundli-syskena på den første EP-en med seg Martin Viktor Langlie (f. 1982) på trommer og Halvor Hoem (f. 1979) på gitar. Gjermund Landrø (f. 1980) var gjesteartist på saksofon. På den andre EP-en hadde Magnus Børmark (f. 1982) erstatta Hoem på gitar, og Landrø var blitt fast medlem på bass. I november 2004 blei Langlie erstatta av Kenneth Kapstad (f. 1979).
 
Dramatiske folkeviser og elektronisk musikk hand i hand
Gåte var ikkje dei første som freista å gi folkemusikken ei moderne lyddrakt. I 1970- og 80-åra gjorde Saft og Folque det same, medan hardrockgruppa Storm og songaren Kari Rueslåtten gav ut folkemusikkinspirerte plater i høvesvis 1995 og 1997.
 
Det er likevel ingen tidlegare som i same grad har fått dei ulike musikalske tradisjonane til å smelte saman. Gåte greidde å unngå at det særmerkte ved folkemusikken drukna i den elektroniske lyden. Det blei ikkje folkemusikk på den elektroniske rocken sine premissar. Dei lét heller den elektroniske rocken springe ut av den mektige og kraftige mystikken som allereie var der i folkemusikken.
 
Tekstane til Gåte, som hovudsakleg er folkeviser og balladar, har nemleg mykje dramatikk og mektige krefter i seg, som passar svært godt å bli uttrykt i eit massivt elektronisk lydbilete. Det handlar mellom anna om tragisk forboden kjærleik med døden til følgje for dei unge elskande («Bendik og Årolilja»), mektige bergekongar og uskuldige jomfruer («Margjit Hjukse», «Liti Kjersti») og elskovssjuke huldrer («Sjå attende»). I tillegg har dei laga fengjande songar av stev («Snåle mi jente», «Kara tu omna») og voggeviser («Gjendines bånsull»). Dei har òg sett musikk til fleire dramatiske og lagnadstunge dikt av poeten Astrid Krog Halse (1914–2007).
 
Gåte og Knut Buen
Gåte heldt svært gode konsertar med ei energisk og velregissert framføring, der spesielt Børmark sin hyperaktive stil kom til sin fulle rett. Høgdepunktet var konserten for over 8000 tilskodarar på Roskilde-festivalen i Danmark sommaren 2003.
 
Det var i tillegg første gongen Gåte spelte saman med Knut Buen, nestoren i norsk folkemusikk. Buen har sjølv sagt at Gåte fekk han til å endre syn på det han tidlegare ikkje likte i det heile, nemleg å blande folkemusikkarven med moderne populærmusikalske uttrykk. Det ligg dermed ein viss symbolikk i at Buen lét Gåte setje musikk til hans eigen tekst «Kjærleik» på Iselilja.
 
Kjelder
Vidar Aanund Brekke: «Stev, sull, rock og rull», Essay til Populærmusikkens historie. Musikk årsenhet. Høgskolen i Hedmark 2006, http://www.brekke.dk/skolearbeider/Essay1.pdf [lesedato 26.05.2010]
Leif Gjertsad: «Spenner Buen høyt», intervju med Knut Buen om samarbeidet med Gåte, nrk.no, publisert 27.06.2003, http://nrk.no/musikk/1.859151 [lesedato 26.05.2010]
Offisiell profil på MySpace: http://www.myspace.com/gaate22 [lesedato 26.05.2010]



Først publisert: 26.05.2010
Sist oppdatert: 27.11.2011